Pressemelding 03.05.02:opplæringsloven |
|
|
Nye lovreglar om skolemiljøet til elevane
Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag for Stortinget om nye reglar i opplæringslova om skolemiljøet. Med forslaget vil regjeringa mellom anna styrkje brukarmedverknaden og gjere pliktene til skolen klarare. Det nye i lovforslaget er å sikre elevane eit betre psykososialt miljø, det vil seie vern mot mobbing, vald, diskriminering og rasisme slik at det samla sett blir et tilfredsstillande læringsmiljø. Når det gjeld det fysiske miljøet representerer forslaget inga endring i standardkrava til skolebygg.
"Det er viktig at skolen tek med elevane og foreldra i utarbeidinga og gjennomføringa av arbeidet for skolemiljøet. Dei veit ofte kva som er problema, og vil vere ein viktig ressurs når det gjeld å finne gode løysningar," seier utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet.
Hovudkravet i den nye lovregelen er at skolane ha "eit fysisk og psykososialt miljø som har tilfredsstillande verknader for helsa, trivselen og læringa til elevane".
Statleg tilsyn
Forslaget opnar for direkte statleg tilsyn med skolemiljøet til elevane. Kommunane vil framleis i første hand føre tilsyn med skolemiljøet etter forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. Det statlege tilsynet vil såleis kunne konsentrere seg om dei situasjonane der det kommunale tilsynet ikkje fungerer slik det skal. Det statlege tilsynet skal fvere som ei ekstra sikring, seier utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet.
Betre brukarmedverknad Forslaget vil gi elevane og foreldra betre høve til å påverke skolemiljøet.
For det første er det foreslått ei plikt for skolen til å halde elevrådet, foreldrerådet og andre organ der elevane og foreldra er representerte, løpande underretta om alle tilhøve som har vesentleg betydning for skolemiljøet. Elevane og foreldra skal også takast med i planlegginga av det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen.
Vidare seier forslaget at alle elevane skal få vere med og utforme og delta det systematiske arbeid i skolen for å fremje eit godt miljø.
Regjeringa foreslår også å la elevrådet nemne opp eigne skolemiljørepresentantar. Desse skal fungere som talspersonar for elevane i skolemiljøsaker. Etter forslaget skal skolemiljørepresentantane også kunne møte og tale i arbeidsmiljøutvalet når utvalet behandlar saker som vedkjem skolemiljøet til elevane.
Styrkt klagerett
Forslaget gir elevane og foreldra styrkt klagerett. I dag kan ein klage over t.d. godkjenningsvedtak eller dispensasjonsvedtak, men ein har ikkje alltid noko vedtak å vise til. I slike situasjonar er det vanskeleg for elevane og foreldra å bli høyrde. Regjeringa foreslår no at passivitet frå skolen og kommunen si side ikkje lenger skal hindre klagerett. Dersom elevane eller foreldra ber om tiltak som vedkjem skolemiljøet, og skolen ikkje tek stilling til saka innan rimeleg tid, kan dei likevel klage saka inn for eit overordna organ etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.
Forslaget konkretiserer også den plikta personalet har til å gripe inn dersom dei tilsette blir klar over at ein elev blir mobba eller utsett for vald, rasisme eller diskriminering. Føremålet her er å sikre at leiinga ved skolen blir klar over slike tilhøve, og kan setje inn tiltak i tide.
Det forslaget som no blir lagt fram, har som målsetjing å førebyggje og betre forhold som verkar inn på det fysiske og psykososiale skolemiljøet til elevane. I enkelte medium har det feilaktig vore gitt inntrykk av at lovforslaget ville ta opp det arbeidsrettslege vernet for lærarane. Dette har ikkje noko som helst med forslaget å gjere, understrekar Clemet. Her er det rettane til elevane det gjeld.
Ot.prp. nr. 72 (2001-2002) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
.: Pressemelding 08.11.02
|